Ny utgivelse
LANGT der NEDE
Ein medrivande oppvekstroman frå industribygda Årdal, innerst i Sognefjorden, på slutten av 1960-talet. Samfunnet
og familieforholda er i forandring og skapar nye og ukjende utfordringar. Industrien, naturen og musikken blir vevd
saman til ei tidsskildring som gjer historia autentisk og gjenkjennande. Hovudpersonen Vidar og venene hans fyller
lesaren med humor, varme, kjærleik, sorg og lengsel. Musikken spelar ei sentral rolle i boka, både som drivkraft i
handlinga og som tidsskildring.
Balansekunstnaren Tell Teigen frå Høyanger, som også budde i Årdal, tilfører boka eit historisk, dokumentarisk
tilleggs-perspektiv. Boktittelen «Langt der nede» er derfor eit bilde på denne våghalsen, samtidig som lesaren har
ei medrivande kjensle av dei høge og bratte fjella, som omkransar denne bygda innerst inne i Sognefjorden, langt
der nede.
Biografi
Odd Nygård
Odd Nygård (f. 1953) er frå industribygda Årdal i Sogn. Han har arbeidd som lærar i Nord-Noreg og på Austlandet, og var aktiv i musikkmiljøet i Tromsø og Harstad (1970-80-åra). No er han pensjonist, busett på Kolbotn. «Langt der nede» er debutromanen hans.
Bokens musikk
Musikken var viktig for oss som vokste opp i Årdal på 60tallet. Herunder finner du en liste over de ulike låtene som det referes til i boken, samt et par av låtene bokas band, Pyramid, lagde selv.