Om forfatteren
Frå lærar til debutforfattar
Odd Nygård er fødd i 1953 og vaks opp i Årdal. I 1974 reiste han til Tromsø for å studere, der han vart oppteken av musikk og jazz. Etter kvart flytta han til Harstad og var med på å etablere ulike musikkgrupper som spelte på festivalar rundt omkring. På 80-talet flytta han til Oslo-området med kona si og arbeidde som lærar på ulike skular på Austlandet. Der sette han opp ulike musikalar der elevane kunne bruke talenta sine.
– Etter 2000-årsskiftet var det likevel skrivinga som opptok meg meir og meir. Eg hadde ein draum om å skrive ei bok, men utan at eg visste kva den skulle handle om, fortel den no pensjonerte læraren, som er busett på Kolbotn.
«Langt der nede» er Nygård sin debutroman, men han har allereie tankar om nye prosjekt.
– Eg har tankekartet til ei ny bok, utan at denne er byrja å ta form. Ein annan tanke eg har, er å gi ut boka i Tyskland. Eg er gift med ei tysk jente som har litteratur som fag, og er godt kjent med nynorsk og omsetjing, seier han.
Nygård har tru på at boka hans, med si skildring av vestlandsnatur, oppvekst, industri og musikk, vil bli godt motteken også utanfor Noreg sine grenser.
Men fyrst og fremst håpar han at «Langt der nede» vil treffe lesarar som kjenner seg att i tidsbiletet, anten dei er frå Årdal eller andre stader i landet.
– Draumar, lengsel og kjærleik er fellesnemnarar, uansett kva for tiår du vaks opp i, avsluttar debutforfattaren Odd Nygård.
Boka «Langt der nede» kjem på Publica og er no tilgjengeleg i bokhandlarar over heile landet.