LANGT der NEDE
Ny utgivelse
LANGT der NEDE
Første oppvekstromanen frå industribygda Årdal:
Ei musikalsk reise attende til 60-talet
− Eg har budd utanfor Årdal meir enn halve livet mitt, men inspirasjonane frå industribygda innerst i Sognefjorden har alltid fylgd meg. Dette fortel den nyslåtte debutforfattaren Odd Nygård (71), som no er aktuell med oppvekstromanen «Langt der nede».
Nygård tek lesarane med på ei reise til Årdal i 1968, året då industribygda nesten var på sitt mest folkerike med over 7000 innbyggarar. Takka vere den sterke veksten knytt til
aluminiumsverket og kraftutbygginga, var dette ei tid prega av framtidstru og velstandsutvikling. Samtidig byrja den nye tida å banke på døra, med nye utfordringar for både ungdommar og vaksne.
Ein bygderoman utanom det vanlege
«Langt der nede» skil seg ut frå mange andre bøker i same sjanger. Dette er den første oppvekstromanen frå Årdal, i ei tid då Verket og kommunen trudde at pengebingen og
folketalet skulle vekse inn i framtida.
– Det er forteljinga om ungdom, lenge før mobiltelefonen tok bort kreativiteten og leiken. Det er også forteljinga om vaksne, om det harde arbeidet på Verket, og kjærleikens vilkår i industribygda, seier Nygård.
Handlinga i boka utspelar seg frå juli til julekvelden 1968. Hovudpersonen Vidar tar lesaren med gjennom eit halvt år av livet sitt, der vi møter venene hans, familien og mange andre
karakterar i det vesle, men levande industrisamfunnet. Fotballaget Jotun spelte om opprykk til 2. divisjon, ei ny kyrkje var på teiknebrettet, og gymnasklassane hadde blitt etablert året før.
– Årdal var eit spesielt samfunn inst i Sognefjorden, der sosialdemokratiske draumar møtte den nye pop- og rockekulturen, blanda med lukta frå smelteomnar og anodestøyperi, som journalist Morten Jentoft så treffande skildrar det i ein omtale av boka.
Musikken som raud tråd
Odd Nygård sjølv har musikken i blodet. På 1970- og 80-talet var han aktiv i musikkmiljøet i Tromsø og Harstad, og spelte i band før han seinare flytta til Austlandet. Denne lidenskapen
for musikk gjennomsyrer også romanen.
– Musikken spelar ei sentral rolle i boka, både som drivkraft i handlinga og som tidsskildring, fortel Nygård. For å gi lesarane ei mest mogleg autentisk oppleving, har forfattaren laga ei speleliste på Spotify med songar som blir nemnt i boka. «Søkjer du på Spotify og “Langt der nede”, vil du sjå spelelista frå boka,» skriv han i forordet.
– Rammene som musikken omfamnar, er sterke bindeledd i teksten mellom forfattaren og lesaren. For at du skal få fullt utbytte av boka, er det å spele musikken ein viktig
innfallsvinkel til gjenkjenninga du får med å lese «Langt der nede», forklarar forfattaren.
Balansekunstnaren som inspirasjon
Ein fasinerande del av romanen er innvevinga av historia om balansekunstnaren Tell Teigen, som også hadde tilknyting til Årdal.
– Då eg vaks opp, høyrte eg mange beretningar om balansekunstnaren Tell Teigen. Sjølv om han ikkje var frå Årdal, budde broren i Jotunvegen og fortalte meg mykje om denne vågale artisten, og om den tragiske aprildagen i 1958, da han datt ned frå eit 35 meter høgt tårn i Palm Springs i California, fortel Nygård.
Boktittelen «Langt der nede» er såleis eit bilete på denne våghalsen, men også på kjensla av dei høge og bratte fjella som omkransar bygda innerst inne i Sognefjorden.
Ei naudsynt historieforteljing
Journalist og forfattar Per Jon Odéen beskriv boka som «forteljinga om heimbygda, både med eit kjærleg og reflekterande blikk.» Romanen skildrar ei tid då samfunnet og familieforholda var i forandring og skapte nye og ukjende utfordringar.
– Eit viktig element i boka er innflyttarane. Utan dei hadde ikkje Verket greidd å sysselsette alle dei arbeidarane dei trengte. Dermed er dette også forteljinga om dei kreative folka som kom frå andre stadar i Noreg, frå andre land, ikkje berre for å supplere folketalet i bygda, men også for den kreativiteten og utviklinga dei var med på å skape, forklarar Nygård. Han legg vekt på at personane i boka er fiktive, sjølv om mange av dei er henta frå minnebanken hans.
– Eg vil at boka skal vere av nasjonal interesse. Difor er det viktig at ho ikkje blir for lokalt forankra, men at lesarane kjenner seg att i tidsbiletet som mange av oss har opplevd, seier han.